Ei sterk stemme for næringslivet
i Indre Vestland

Portrett av en mann med skjegg og en krøllete genser, smiler svakt mot kamera, med en lysgrå bakgrunn.
Portrett av en mann med skjegg og en krøllete genser, smiler svakt mot kamera, med en lysgrå bakgrunn.

Kvifor bli medlem av IVNR?

For meg handlar dette om å samle næringslivet og skape noko større saman. Som medlem i IVNR får du ikkje berre eit nettverk, du får ei stemme inn i saker som betyr noko for utviklinga av regionen vår.

Me treng fleire som vil vere med å påverka, dele erfaringar og byggje Indre Vestland vidare.

-Anders Hegland Lauritzen
Styreleiar


Dette meiner Indre Vestland Næringsråd

Areal for vekst

Skrive av Kjetil Tverberg

Kommuneplanens arealdel vil leggja viktige føringar for korleis Voss kan utviklast dei komande åra.

For næringslivet handlar dette om tilgang på areal, investeringar og mogleghieter for vidare vekst.

Besøksstrategien må styrkja Voss

Skrive av Knut Kettermann

Voss herad har sendt forslag til ny strategi på høyring.

Indre Vestland Næringsråd støttar arbeidet, men meiner det er avgjerande at strategien legg til rette for vidare vekst, investeringar og utvikling i reiselivet.

Beredskap er også næringsutvikling

Skrive av Hedvig Røhnebæk

God beredskap handlar om å vere førebudd før krisa kjem. Difor bør også små og mellomstore bedrifter ha ein plan for det uventa.

117
medlemsbedrifter

Me løftar næringslivet sine saker og står på for betre rammevilkår, til det beste for medlemmane våre og regionen

Ofte stilte spørsmål

Tilbakemeldingar

Næringsrådet har for alvor satt fart på samarbeidet mellom offentleg og privat sektor. Sidan oppstarten i 2023 har me fått på plass felles møter kvar månad, me har gjennomført fleire viktige samarbeidsprosjekt og me har fått betre oversikt over felles utfordringar og moglegheiter.  

Med ein strategisk næringsplan i botn jobbar me som eit lag med å løysa både ad hoc utfordringar og langsiktige utviklingsprosjekt. Me har rett og slett nærma oss kvarandre, det er mindre «oss og dei» og det gjev energi å dra lasset saman. Næringsrådet får rett og slett fart på bygda og regionen.

— Kaia Finne, Næringssjef Voss herad

Næringsrådet er viktig fordi det samler aktører på tvers av bransjer og bidrar til ein felles stemme for næringslivet i regionen.

Gjennom arbeidet dekans skapes det møteplasser, samarbeid og påvirkningskraft som styrker utviklingen og konkurransekraften lokalt.
Eg opplever at næringsrådet bidrar med konkret verdi ved å lyfte felles saker, koble mennesker og legge til rette for vekst og nye muligheiter

— Narve Gjeraldstveit, Gjeraldstveit Mekaniske
En grønn sirkel med en svart kontur av landskap og et lite hus, og teksten "Vi kaller" ved siden av.

Skap framtida di i ein region med røter

Saman med Voss herad jobbar IVNR med prosjektet “ViKallar”. Eit initiativ som skal løfte fram moglegheitene som finst i regionen vår og styrke rekruttering, stoltheit og tilflytting.

Prosjektet skal skape møteplassar mellom næringsliv, unge talent og lokalsamfunn, og vise fram breidda av arbeidsplassar og karrieremoglegheiter på Voss. “ViKallar” er støtta av Kraftfondet og er eit godt døme på korleis samarbeid mellom offentleg og privat sektor kan bidra til positiv utvikling i regionen.


Ta kontakt med oss